
Global.Safari - vår 2026
- Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
- Telephone: 7000 9600
- E-mail: post@sufh.no
- Course length: Halvår — vår
- Start-up date: 05.01.2026
- Course teaching amount: 30 hours/week
- Price: from 75 500,-
- Location: Ulsteinvik
Verda byr på sterke kontrastar og av og til må du sjå dei med eigne auge for å kunne forstå bedre.
I Midtausten møter du menneske som lever med konsekvensane av krig og okkupasjon. Her møter du menneske som slåss mot ekstrem fattigdom for å gje barn og unge framtid og håp. Om reisa går til Jordan eller Palestina eller begge, er avhengig av den politiske situasjonen. På turen badar du også i Dødehavet, besøker Petra, nyt det arabiske storybylivet, rir på kamel og overnattar i ørkenen.
Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet, og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit halvår der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Det meste av det beste
Petra, Amman, Wadi Rum, Dødehavet | Vertsfamilie | Møte med Beduin | Guida turar | YWCA & YMCA | Globalt medborgarskap | Aktuelle globale spørsmål | Refleksjon & diskusjon | Reiseførebuingar | Sang, musikk & dans | Runde Fyr | Havsauna | Loenvatnet | Hengekøyetur | Kajakk
Info om halvårskurs
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, lærlingplass, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er også greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen til eit halvårskurs.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
I mars flyttar vi heile skulen til fjells på jakt etter laussnø. For mange er dette eit stort høgdepunkt. På dagtid køyrer vi ski eller snowboard og legg gjerne inn ei langrennsøkt. På kveldstid ventar det god mat og like god underhaldning. Dette er ei veke som dessverre er over så alt for fort!
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Dei beste fellesopplevingane kjem ofte når vi er på tur saman. Difor har vi tilsaman 14 dagar på fellesturar.
Vi startar året med ein opningstur i Sunnmørsalpane. I løpet av året har vi også turar til Ålesund og fuglefjellet på Runde. I mars har vi ei skiveke på Bjorli, før året avsluttast med ein tur til opplevingsgarden «Hakallegarden». Her fyller vi dagane med seminar, dyrestell, cowboyfest, liveband, BBQ og fjellturar. Vi trur du vil like det.
The school has the YMCA-Mission and Christian anthropology as basis for the teaching. Our main subjects are: * Sport.Ballplay * Outdoor life (Multisport) * Water & ski * Music *Golf. You can travel to Ulsteinvik by airplane, bus and boat.