På Sunnmøre Golfklubb vil både den etablerte golfaren og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 0,8 i handicap. Du spelar på ulike baner på Sunnmøre, i Sør-Afrika og på treningsleir i utlandet.
På Sunnmøre GK si 9-holsbane har du gratis spelerett og fri tilgong til Trackman simulator. Bana ligg berre eit langt utslag frå skulen. Her kan du spele så myke du vil på fritida. Om du ynskjer meir speletid kan du ha golf valfag.
På turen til Sør-Afrika får du spele på fantastiske golfbaner. Du får høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 m, og sjølvsagt ein dag på Safari. På Robben Island får du besøke fengselscella til Nelson Mandela.
Kun 50 m frå skulen ligg eit stort treningssenter du har fri tilgong til for kun kr 250,- pr. halvår.
Nysgjerrig? Les meir om linja her
Det meste av det beste:
Sør-Afrika | Gratis spelerett | Trackman golfsimulator | Sunnmøre Golfklubb | Golf i CapeTown | Svinganalyse | Spel ned hcp | Turnering | Fotball/volleyball | Treningssenter | Surfing | Paragliding testdag | Stup/svømming | Paintball | Leirdueskyting | Frisbee-/fotballgolf | Ziplines | Fallskjerm | Klatring | Via Ferrata
Info om halvårskurset:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.
Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett