
Hildegunn Gjesdal Tennebø mener folkehøgskolen er en god arena for fokus på psykisk helse. Foto: Privat og Emma Sofie Steinsland
Innlegg skrevet av Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor på Nordfjord folkehøgskole.
I samband med Verdsdagen for psykisk helse har Opinion gjort ei undersøking som syner at. 1 av 3 meiner vi ikkje er mentalt rusta til å handtere ei uventa krise. Det er eit alvorleg signal. Det er også eit paradoks at det aldri tidlegare har vore snakka meir om psykisk helse, samstundes som rapportane om dårleg psykisk helse vert stadig fleire.
Kan det vere at det må til meir handling og mindre snakk?
Her bidreg folkehøgskulane godt. Vi samlar elevar både frå såkalla ressurssterke miljø og dei som har hatt mindre stabile strukturar rundt seg. Folkehøgskulane er ikkje nokon institusjon for menneske med dårleg psykisk helse, men eit skuleslag der livsutrustinga skjer både i undervisningssituasjonar, i matsalen og på internatet om kvelden.
Sted: Gloppen
Elevplasser: 140
Linjer: 10
Undervisningstimer pr. uke: 30 timer
Verdigrunnlag: Kristen
På vår skule er det sjeldan at psykisk helse står som isolert tema på timeplanen. Mange elevar syns dei har høyrt meir enn nok om temaet. Til gjengjeld gjer vi heilt konkrete, enkle tiltak gjennom kvardagane:
Før turdagen startar får alle utfordringa om å melde ærleg inn til gruppa ved å vise ein til fem fingrar: kva dag har du i dag? Er det ein firar-dag? Er du nede på to? Gruppa ser, veit og ber.
Rutinar for mat, søvn og praktisk arbeid er lagt inn skuleåret. Er du ikkje oppe til frukost, har du heller ikkje niste på roturen. Konsekvensane av om du skulkar oppvasken er at andre får større belastning,- kven vil du vere? Ein som tek ansvar eller ein som snik seg unna? Erfaringar og meistring går hand i hand.
Det sosiale fellesskapet kring bordet eller i gymsalen gir moglegheit for å kople ut eige tankemas, og er ikkje minst ei nødvendig pause frå digitale impulsar. Den umiddelbare kommunikasjonen mellom folk, utan ein skjerm i mellom styrker opplevinga av å vere sett og høyrt. Leirbål og elevkveldar med gapskratt og situasjonar der folk byr på seg sjølv; alt dette bygger folk innanfrå og ut. Det gir nettverk, glede og trua på at vi er sterke nok, kan nok og er likt for den ein er.
Folkehøgskulane sine bidrag er store for enkeltmenneske, men også på samfunnsnivå. For dei som har med seg gode og solide steinar i sin menneskelege grunnmur vil også lettare kunne bidra inn mot andre. Det er dette som kan gje samfunnet psykisk beredskap når utrygge tider og kriser rammar oss.

Have you ever dreamed of experiencing Norway’s breathtaking nature, learning the language,…

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2026/2027.

15. oktober åpner søknadsportalen til folkehøgskolene. Vil du sikre deg plass på…

Innlegg skrevet av Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor på Nordfjord folkehøgskole.

Forskriften for folkehøgskolene er endret. Nå starter opptaket allerede 15. november. Det…

Vi får mange spørsmål fra ungdommer som vurderer å søke seg på…

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2026/2027.

Folkehøgskolene tar opp elever på en helt annen måte enn andre skoleslag.…

Noen bestemmer seg tidlig for hvilken skole eller linje de vil gå…

Folkehøgskole er en eksamens- og karakterfri skole. Du bor på internat på…