Til hovedinnhold

Musikk & Friluftsliv

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 24.08.2025
  • Pris: fra 150 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Voss
  • Studietur for linja: Interrail i Europa
  • Studietur for skolen: Stølstur til Upsete, Skuletur til Hardanger
Både musikk og friluftsliv! Kan det bli betre? Voss kan by på begge deler. Bli med og dyrk interesser av ulik art. Natur, kultur, bål og song, samspel, ski, fjell, skog, konsert, festival. Søk i dag!

På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv, og kombinerer begge i ei unik linje! Her får du spele konsertar, stå på scena og dra på turné. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss! Lær begge fagfelt av dyktige lærarar i eit unikt sosialt miljø!

Musikk

I musikken fokuserer me på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring. Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret ditt og aukar sjangerforståinga di. I varierte bandprosjekt utviklar du evna di til å lytte, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.

Friluftsliv

I friluftsliv ligg fokus på samhald, meistring og læring. Gjennom året har me periodar med variert friluftsliv: alt frå fjellturar, hytteturar og telturar, til rafting og tur til kysten. Vinteren startar me med alpint og snowboard. Som elev på Voss fhs får du årskort i Voss Resort sin gondol og skisenter. Det ligg i gangavstand frå skulen og er ope også for kveldskøyring og helgekøyring. Du får prøve deg på flyging i Voss Vindtunnel! Og du får tur på Nærøyfjorden med kajakk og telt! Og bålkos med sang! Målet er at du skal få prøve mest mogleg forskjellig, og klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tid på.

Musikk:

  • Samspel - band
  • Stå på scenen 
  • Vossajazz og Osafestivalen
  • Spel på konsertar og turné
  • Utvikle deg på ditt instrument
  • Tekst- og låtskriving
  • Studioteknikk, Logic 
  • Praktisk musikkteori
  • Folkemusikkurs på Ole Bull Akademiet

Friluftsliv:

  • Fjellturar, hytteturar og teltturar
  • Alpint, snowboard, off-piste, skitur
  • Rafting, kystliv
  • Bålkos, gitar og allsong
  • Ulike idrettsaktivitetar

Dette er linja for deg som vil ha "best of both worlds" - du vil lage god musikk saman med andre, men klarar ikkje heilt å sitte stille inne, når finveret er ute!

Dette vil du lære

Musikk:

  • Samspel - band
  • Stå på scenen 
  • Vossajazz og Osafestivalen
  • Spel på konsertar og turné
  • Utvikle deg på ditt instrument
  • Tekst- og låtskriving
  • Studioteknikk, Logic 
  • Praktisk musikkteori
  • Folkemusikkurs på Ole Bull Akademiet

Friluftsliv:

  • Fjellturar, hytteturar og teltturar
  • Alpint, snowboard, off-piste, skitur
  • Rafting, kystliv
  • Bålkos, gitar og allsong
  • Ulike idrettsaktivitetar

Våre forventninger til deg

  • Du møter til all undervisning og viser engasjement og samarbeidsvilje
  • Du er interessert i - og vil lære meir om både musikk og friluftsliv
  • Du vil bil betre på instrumentet ditt
  • Du vil jobbe og lære saman med andre
  • Du har lyst til å utfordre deg sjølv og prøve nye ting

Det er ein fordel om du har erfaring med eit instrument eller sang, men det viktigaste er at du er engasjert og vil lære!

Bjørnar Kaldefoss Tveite

Lærar

Bjørnar har i mange år jobba som musikar i Oslo og vore aktiv på jazzscener rundt omkring i landet. Du kan høyre han i band som Arne Torvik Trio og Hullyboo. Bjørnar er ellers glad i å vere i naturen og å stå på snowboard på vinteren. Bjørnar har bachelor i utøvande jazz og improvisasjon ved Norges musikkhøgskule og pedagogikk frå samme stad.

Epost: bjornar.tveite@voss.fhs.no

Jon Grendahl

Lærar

Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. I tillegg har han god peiling på treskjæring, symjing og skikøyring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Trass i mengder med dårlege vitsar, er Jon omgjengeleg og ein god samtalepartnar. Han har som regel ansvar for å leie skulens festar, og har ofte ei god historie på lur. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret. 

Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dag i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

Timeplanen kan bli endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, utanlandstur, reiser eller når vi har andre prosjekt på gang.

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

Gled deg til over 30 varierte, unike og kjekke valgfag utan press og stress. Dette er ditt år!

I våre valfag kan du prøva noko heilt nytt, eller utvikla deg i fag du allereie har interesse for. Det er ein heil skuledag og ein halv skuledagdag med valgfag på timeplanen. I tillegg har vi kvelds- og prosjektvalgfag.

Valgfagstilbudet varierar litt fra år til år. Skulen har stor faglig breidde og lærarar med lang erfaring, noko som gjer varierte og kjekke valgfag!

Ekstremsport "Try it"

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Sløyd

I vår fullt utstyrte sløydsal får du innføring i tradisjonelle og moderne trearbeidsteknikker. Et valgfag for deg som liker å jobbe med hendene, skape noe varig. Vi lager matboks, kniv og mye annet!

Stup, crawl og dødsing

På valfaget vårt i Vossabadet lærer du å stupe og crawle. Vossabadet er eit moderne badeanlegg som byr på eit variert tilbod frå avslappande badstuar til leik og moro i basseng og sklier.

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Balanse

I dette valgfaget får du lære konkrete teknikker for å finne ro, balanse og klarhet i en hektisk hverdag. Vi utforsker pust, tilstedeværelse/mindfulness og ulike former for meditasjon.

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Årbok

På folkehøgskolen skapes det minner som vi vil huske i alle år framover – bli med å skape det beste varige minnet fra året – nemlig ÅRBOKA!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Jegerprøven

Pris: 2 500,-

Vi tilbyr jegerprøven på hausten, på kveldstid. Ein erfaren instruktør leder kurset. Det er undervisning i klasserom og ute i naturen.

Havkajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havkajakk? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Swingdans

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing musikk? Lær deg å danse til skoleballet vårt etter jul. Dette er eit kveldsvalgfag.

Massasje og restitusjon

I dette faget lærer du effektive massasjeteknikker som lindrer muskelspenninger, reduserer stress og fremmer restitusjon. Du får innsikt i kroppens viktigste muskelgrupper og grunnleggende fysiologi.

Fra kr 150 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss Resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Studietur: Stølstur til Upsete
  • Studietur: Skuletur til Hardanger
  • Studietur: Interrail i Europa
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 150 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 150 000,-
(15 000,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret må du stille med selv

Friluftsutstyr

Ski

Evt eget musikkinstrument

Dersom du har funksjonsnedsettingar, tilrettelegg me etter samtaler med deg som elev.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Tiden min på Voss Folkehøgskule har vært helt avgjørende for de valgene jeg har tatt senere, både akademisk og sosialt. Jeg fikk muligheten til å forbedre samspillet mitt med andre unge musikere, både musikalsk og sosialt. Jeg har utviklet meg mye!

Brynjar Mikael Grytnes

I timene har jeg lært mye om samspill, opplevd mange fete konserter, og fått timer med tilreisende profesjonelle musikere. Viktig for personlig og musikalsk utvikling, og det har gitt meg en mye større forståelse. Mange nye venner, kjent med meg selv

Peder Rugelsjøen

Året på voss var fylt av nye opplevelser for meg, vi fikk besøk av knallgode musikere, reiste rundt på besøk, og jobb på jazzfestival. Gjennom samspillet i timene fikk jeg utviklet en sterk musikalitet og en helt ny forståelse for musikk.

Elias Hegle

Nyheter

Folkehøgskolemamma: – Anbefaler alle foreldre å sende ungdommen sin på folkehøgskole

– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.

Nora (20) føler seg mer klar for studier og jobb etter et år på folkehøgskole

I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Singer-songwriter

Seljord Folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Folkemusikk

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Musikk

Sjøholt Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Gitar - Musikk Live og Studio

Harstad Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Musikkproduksjon

Skjeberg Folkehøyskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Beats Production

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Få ledige plasser
Helårskurs
Kristen

Musikk, band og låtskriving

Kristiansand folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Kristen

GRENSELØS MUSIKK

Follo Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Musikk Lovsang

Hedmarktoppen folkehøyskole
Få ledige plasser
Helårskurs
18 t/uke
Kristen

Musikk - Band & turné

Fana folkehøgskule - Bergen
Helårskurs
14 t/uke
Frilynt

Musikk Ski Snowboard Japan

Toten folkehøgskole
Helårskurs A
Frilynt

Musikkproduksjon

Musikkfolkehøgskolen Viken
Helårskurs
Kristen

Artist/Låtskriver og Musikkproduksjon OSLO

Rønningen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

RAP // NYC

Møre Folkehøgskule
Kontakt skolen
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt