
Musikk & Friluftsliv - Interrail Europa -Høst 2025
- Voss folkehøgskule – Voss
- Telefon: 47476536
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 24.08.2025
- Pris: fra 87 500,-
- Sted: Voss
- Studietur: Interrail i Europa
På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv, og kombinerer begge i ei unik linje! Her får du spele konsertar, stå på scena og dra på turné. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss! Lær begge fagfelt av dyktige lærarar i eit unikt sosialt miljø!
I musikken fokuserer me på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring. Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret ditt og aukar sjangerforståinga di. I varierte bandprosjekt utviklar du evna di til å lytte, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.
I friluftsliv ligg fokus på samhald, meistring og læring. Gjennom året har me periodar med variert friluftsliv: alt frå fjellturar, hytteturar og telturar, til rafting og tur til kysten. Som elev på Voss fhs får du kort i Voss Resort sin gondol og skisenter. Det ligg i gangavstand frå skulen. Du får prøve deg på flyging i Voss Vindtunnel, og bålkos med sang! Målet er at du skal få prøve mest mogleg forskjellig, og klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tid på.
Dette er linja for deg som vil ha "best of both worlds" - du vil lage god musikk saman med andre, men klarar ikkje heilt å sitte stille inne, når finveret er ute!
Det er ein fordel om du har erfaring med eit instrument eller sang, men det viktigaste er at du er engasjert og vil lære!
Obligatorisk: Nei
Pris: Inkludert i linjepris
Ei aktiv og musikalsk reise utanom det vanlege!
På denne turen får du oppleva – og ta del i musikk frå eit vidt perspektiv. Me reiser grønt, med buss, båt og interrail i Europa. Det blir konsertbesøk, museum, jam, kultur og storbyliv. Det blir og rom for aktivitet og friluftsliv undervegs. Me legg detaljplanane saman på linja og skapar vår draumetur. Det beste av alt, fellesskapsfølelsen på tur – at me opplever og får nye erfaringar i lag. – At me finn tonen saman! Bli med oss på eventyr!
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dagar
Skulen har ein fin gamal støl som ligg vakkert til langs Bergensbanen, like før Upsete stasjon. Her reiser dei fleste linjene på fleire turer i løpet av skuleåret.
Den andre veka av skuleåret reiser heile skulen opp på stølen. Turen er lagt opp slik at den passar for alle, nokon går lange fjellturar, medan andre fiskar, badar, brenn bål eller speler gitar utanfor hytta.
Denne turen er utruleg fin for samhaldet på skulen. Me starter skuleåret med ei felles oppleving i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på. I tillegg er det en kjekk moglegheit til å bli betre kjend med både medelever, lærare og anna personale på skulen.
Bli med oss på stølstur til sommaren!
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dager
I slutten av skuleåret reiser me saman på ein fantastisk fin tur til Hardanger. Me overnattar i vakre Rosendal, og i løpet av turen blir det masse kjekke aktivitetar du kan vere med på. Me dreg til Noregs einaste baroni og får omvising på det gamle slottet, me forsøker oss på putball (fotballgolf), drar på fjellturar, badar i både fjord og fjellvatn.
På veg heim drar vi innom den fantastiske Bondhusvatnet, eit av Vestlandets mest fotograferte naturområder.
Når eit folkehøgskuleår går mot slutten, er det ekstra fint å dele slike opplevingar med venner fra heile skulen. Me er mykje på tur med linjene i løpet av skuleåret, og difor er det spesielt kjekt å vere heile elevflokken saman på denne turen.
Bjørnar har i mange år jobba som musikar i Oslo og vore aktiv på jazzscener rundt omkring i landet. Du kan høyre han i band som Arne Torvik Trio og Hullyboo. Bjørnar er ellers glad i å vere i naturen og å stå på snowboard på vinteren. Bjørnar har bachelor i utøvande jazz og improvisasjon ved Norges musikkhøgskule og pedagogikk frå samme stad.
Epost: bjornar.tveite@voss.fhs.no
Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. I tillegg har han god peiling på treskjæring, symjing og skikøyring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Trass i mengder med dårlege vitsar, er Jon omgjengeleg og ein god samtalepartnar. Han har som regel ansvar for å leie skulens festar, og har ofte ei god historie på lur. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret.
Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no
På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:
Timeplanen kan bli endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, utanlandstur, reiser eller når vi har andre prosjekt på gang.
Last ned timeplan som pdf ↓Denne får du ved studiestart.
Gled deg til over 30 varierte, unike og kjekke valgfag utan press og stress. Dette er ditt år!
I våre valfag kan du prøva noko heilt nytt, eller utvikla deg i fag du allereie har interesse for. Det er ein heil skuledag og ein halv skuledagdag med valgfag på timeplanen. I tillegg har vi kvelds- og prosjektvalgfag.
Valgfagstilbudet varierar litt fra år til år. Skulen har stor faglig breidde og lærarar med lang erfaring, noko som gjer varierte og kjekke valgfag!
Pris: 6 300,-
Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m
Pris: 7 800,-
Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!
I vår fullt utstyrte sløydsal får du innføring i tradisjonelle og moderne trearbeidsteknikker. Et valgfag for deg som liker å jobbe med hendene, skape noe varig. Vi lager matboks, kniv og mye annet!
På valfaget vårt i Vossabadet lærer du å stupe og crawle. Vossabadet er eit moderne badeanlegg som byr på eit variert tilbod frå avslappande badstuar til leik og moro i basseng og sklier.
Pris: 2 000,-
Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.
Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.
Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).
Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.
I dette valgfaget får du lære konkrete teknikker for å finne ro, balanse og klarhet i en hektisk hverdag. Vi utforsker pust, tilstedeværelse/mindfulness og ulike former for meditasjon.
Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.
Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.
Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!
Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer
På folkehøgskolen skapes det minner som vi vil huske i alle år framover – bli med å skape det beste varige minnet fra året – nemlig ÅRBOKA!
Pris: 1 600,-
Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!
For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.
Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.
Pris: 2 000,-
Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.
Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.
Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.
Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!
Pris: 2 500,-
Vi tilbyr jegerprøven på hausten, på kveldstid. Ein erfaren instruktør leder kurset. Det er undervisning i klasserom og ute i naturen.
Pris: 500,-
Ønsker du å lære havkajakk? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.
Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.
Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!
Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!
Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.
Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.
Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!
Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing musikk? Lær deg å danse til skoleballet vårt etter jul. Dette er eit kveldsvalgfag.
I dette faget lærer du effektive massasjeteknikker som lindrer muskelspenninger, reduserer stress og fremmer restitusjon. Du får innsikt i kroppens viktigste muskelgrupper og grunnleggende fysiologi.
Voss har fantastiske linjer, over 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss - kun 1,5 km til Voss Resort! Spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!
Friluftsutstyr
Evt eget musikkinstrument og forsterkar om du har dette.
Dersom du har funksjonsnedsettingar, tilrettelegg me etter samtaler med deg som elev.
– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.
I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.